.. det sies at den viktigste arv en kan ha etter seg, er når de en har kjent gjennom livet sitt, smiler varmt når de minnes deg .. det passer så godt på deg, finaste Eli .. : Ingunn og Per
Vår varmaste medkjensle ❤️
vår djupaste medkjensle i sorga, Takk for gode minner Eli. 🙏💜
Det er så trist så ufatteleg trist at du er gått bort Eli. Eg trefte deg tilfeldig på kafe i slutten av august. Vi snakkast ikkje så mykje då eg var der i eit jubileum, men du kom bort då du gjekk og sa ha det og at vi snakkast ein dag. No når de var flyttta i sentrumsnær leileghet var det snart å stikke oppom ein tur ein dag. Den dagen kom aldri. Det er trist å tenke på at dette var det den siste gongen vi snakkast.Eg vart kjend med deg då du fekk jobb i Stryn Sparebank på slutten av 70-talet. Vi var kollega i mange år og eg fekk også kjennskap til deg og din familie privat. Du var alltid hjelpson og hjelpte til der det trongst. Då vi skulle ha barnedåp og eg lurte på kvar eg skulle få dåpskjole så var du snar og sa, den kan eg låne deg, så i begge våre barnedåper hadde vi din nydelege hekla dåpskjole. Eg trur heller ikkje at vi hadde dekka til konfirmasjon med nystrøkne kvite dukar utan di hjelp, men den jobben tok du sjølv om eg ikkje hadde spurd. Eit par døme på di vennlegheit. Å vere kollega i så mange år er mange timar saman,men vi hadde det kjekt på jobb ilag Eg har berre gode minner frå den tida, og elles også. Litt mindre kontakt dei siste åra, men det var alltid hyggeleg å møte deg og du var alltid så smilande og blid, Eg trudde vi hadde så mange år å snakkast på, men slik skulle det ikkje bli. Eg vil aldri gløyme deg Eli og våre tanker går til Asbjørn,. Ingolf og Inger-Elisabeth i denne tunge tida. Vår djupaste medkjendsle frå Ester Anny og Arne
Takk for alle dei gode pratesundene, spesielt då vi begge hadde små born. Det var kjekt å få hefte deg litt i banken då vi kom til Stryn, og du møtte oss alltid med eit strålande smil. Sist vi møttest gjekk vi side om side i 17.mai-toget. Det skulle ha blitt så mange fleire treff....Du gjekk bort så altfor tidleg. Kvil i fred, kjære Eli
Til min kjaere ven, deg eg aldri skal sjaa igjen. Lyset det brann ned inatt, Livet laag saa framandt att. Kvil i fred kjaere Eli! Du vil bli savna.
Takk for fine stunder, Eli.❤️
Du betydde mye for oss!
Du vil bli dypt savnet! ❤️
Irene og Harry
Takkar for gode minne, sakne vert stort ♥️🌹
Takk for fin stund i kyrkja og minnestund etterpå. Trist, Men fin dag.
Samla inn penger på strikkekafeen, overskytende går derfor til minnegåve.
Helsing Kari
Vår medkjensle i sorga.
Vår djupaste medkjensle i sorga
Ei siste helsing ❤️
Vår varmeste medkjensle.
Tenker på dere
Siste hilsen, takk for gode minner
Varme tankar til familien.
Takk for alle gode minner. Ei siste helsing frå
Ester Anny og Arne
Vår djupaste medkjensle i sorga ❤️
Tenke på dåka alle i denne sorga.
Mi varme medkjensle i sorga❤️