Kjære Pappa!! Savner deg masse, uvirkelig at du er borte men eg veit du har det bedre no. Ingen smerter lenger, du har kjempa lenge nok. Fantastisk pågangsmot, posetiv, snill, støtte og kunnskapsrik ! Tar med meg mange gode minner videre️
Gode ven og meiningsfelle Jan. Takk for gode minner
Kvil i fred , gode kollega og ven ! Aase Marie og Halvard
Kjære Pappa️
Vi har grua oss til denne da sidan du fekk krediagnosa for 6 år sidan, og vi skjønte at du ikkje kom til å vinne kampen mot sjukdomen. Det tok tid for oss å skjøne. Du som har stå på, kjempa og vunne utallige kampar gjennom livet for lokalsamfunnet, skulen, sjukehuset på Eid og ikkje minst for familien din. At du ikkje skulle klare denne kampen var uverkeleg for oss.
For oss 4 var du superpappa Jansen Høvding av Nordbø og hotellsjef for Ulla og sauene. Du var han som kunne reparere alt og ordna opp i vanskelege problemstillingar. Heime på garden fekk vi stå med hovudet inn i gardsmaskinar saman med deg og diskutere kvifor løftemekanismen på traktorkassa ikkje fungerte, eller kvifor slåmaskina ikkje ville starte. Sjølv om vi truleg ikkje hadde så mykje å bidra med, tok du deg tid til å høyre på våre løysingsforlag.
Gjennom gardsarbeidet har du lært oss å reparere ting sjølve, og bidra i praktisk arbeid. Frå ung alder fekk vi lov å skrive timar for å bidra i slottearbeid. Det har gitt oss økonomisk sans, og arbeidsvilje.
Vi fekk også boltre oss fritt på verkstaden i kjellaren for å lage fuglehus og skjerefjøler. Du var raus med materialar og verktøy til hyttebygging, og var positiv til ideane vi hadde. Det skal seiast at du ikkje var like fornøgd då du fant fleire halvferdige hytter, samt rustne sagar og spiker rundt omkring i skogen 2 år etter.. DÅ var det på de å lære å rydde opp etter seg i naturen.
I kvardagslivet har du utfordra oss med quiz og rekneoppgåver rundt middagsbordet. Den engasjerte stemma di som spør «kva er 10 * 10 minus 10?» og «JAAA! Riktig! Går du vidare til neste spørsmål?» vil aldri forsvinne frå minnet. På datamaskina installerte du diverse matematikkspel og romfartspel, så vi skulle ha det gøy og lære noko samdig. Og det hadde vi. Har heller ikkje tal på kor mange vitenskapkasse og iq-testar som har funne vegen inn i huset via deg.
Du støtta oss i hobbyar med idrett og musikk. Du køyrte oss på ridekurs og jazzballett og var raus ved kjøping av lodd til handball- og fotballag. Etter jobb, og i helgar var du med oss og etablerte lengdegroper med sagflis og kulekastingsgroper der vi kunne øve
oss på friidresøvelsar. Utan å tvile fekk vi låne videokamera for å dokumentere arbeidet og produsere vår eigen «sportsrevy» der vi sjølve sjølvsagt var idrettsutøvarar.
Videokameraet var også fast følgesvenn på alle turar. Blant anna har vi hatt mange bilferieturar i den blå transitten. Både til familie i Oslo, men også til Kristiansand dyrepark, Bergen og kortare turar til familie på Sandane. Vi ungane har hatt mange timar på madrass i det romslege bagasjerommet på transitten der vi kunne ligge å tøyse og tulle framfor å sitte framme i det vonde baksetet. (kven som vurderte dette som trafikksikkert seier ikkje historia noko om). Mulig var det for å få pause frå allsongen til The Boys-kassettane som gjekk på repeat i timesvis? At du og mamma haldt ut denne timeslange synginga er uforståeleg, men veldig gledeleg. Kan ikkje huske at det var klaging på at vi skulle gje oss ein einaste gong.
Vi har også hatt mange flotte turar til utlandet ilag
eller det som vi kjente som «Syden». Til Bulgaria, Sardinia, Malta, Portugal og Tunisia med sol, varme, bading, is og shopping på marknader. Den siste turen gjekk til Gran Canaria i 2014. Du betalte all-inclusive for heile familien din med born og borneborn, slik at vi alle fekk ein tur ilag, med mange gode minner. Det var ein fin måte å feire dine 70 år på. Takk for det, og takk for at du og mamma alltid har vore svært oppta av å dokumentere minner ved hjelp av video og bilder. No har vi kassevis med kassettar å gjennomgå, mimre til og rydde opp i.
For oss verka du ung og sprek heilt til du blei sjuk i 2016. Med ditt gode humør, vitsing og tulling med borneborn gløymte vi liksom at du også blir eldre. Men sjukdom viste at heller ikkje Nordbøhøvdingen er udødeleg.
No slepp du fleire turar til sjukehuset. Du slepp å få hjelp til alt. Sjølv om du var svak og sliten på slutten, og du ikkje orka å ete, samla du krefter til å sei «hei», «køyr forsiktig», «hade» og «ring når de er framme» til oss. No skal vi aldri høyre dei orda frå deg igjen.
Det er trist og sårt.
Men orda og omsorgen du har gitt er med oss i hjartet vidare.
Takk for gode minner. Jeg husker godt da du kom til Kjølsdalen som 10-åring og at vi ble gode venner. Vi hadde mye moro i gutteklubben Tarzan som du ofte nevnte når vi hadde kontakt i voksen alder. Hvil i fred.
Takk for gode minner Jan frå oss på Haugen.
Minne om Jan:
Det var ei trist melding vi fekk torsdag 20.april om at Jan Nordvald Eide var gått bort. Ikkje uventa etter at han i over 6 år hadde kjempa med kreftdiagnose. Han var som vanleg svært seig og godtok ikkje nederlaget før det var innlysande,. No er Jan borte, vi står tilbake utan ein kjær ven og umåteleg kjekk diskusjonspartnar.
Jan kom frå Sandane til Kjølsdalen i 1954. Det var det året mor vår Alvhild døydde. Korleis skulle så ein enkemann med 4 ungar få dette til å gå rundt? Jau, dei vart einige om at eldstemann Jan reiste til mormora Margrete og onkelen Odd i Kjølsdalen og slik vart det. Jan hadde ei fin tid i Kjølsdalen. Vi fekk høyre mange artige historier om gamlelæraren Føleide som hadde sine spesialitetar. Vi andre som voks opp på Sandane sakna stert den eldste, men om summarane var vi alle samla i Kjølsdalen.
I høve Jan sin bortgang har Kjølsdalen Krins og UtviklingsLag mista ein dugande støttespelar, ein retteleg høvding for dalen. Han fekk pris for sitt arbeid, to gongar fekk han Kjølsdalen sin utviklingspris. Trur ikkje nokon annan har fått det.
Mykje kan seiast i etterkant om personar når dei er gått bort, men når ein tenkjer nøyare etter så er det nok nokon som har gjort mykje meir for andre enn det ein kunne forvente..
Jan var ein slik føregangsmann. Han tok på seg mange oppgåver. Eit slikt prosjekt var vassforsyninga i dalen , mykje arbeid, men Jan og arbeidsgjengen fekk det til. Kjølsdalen fekk eit brukande vassverk.
Det gamle skulehuset er også ei soge for seg sjølv. No står huset det, godt brukande til glede for heile krinsen. Jan la ned utroleg mange timar for å få det til. Saman med dugnadsgjengen.
Jan var ein framtidsretta person som ville alle, det vere seg elevar og lærarar, det beste. Han kjøpte inn kjemisett til elevane for eiga rekning for at dei skulle få sjå korleis verkelegheita var, kommunen hadde ikkje råd. Han prøvde å få andre til å innsjå det positivet i dette, men responsen var ikkje av den beste. Elevane derimot trur eg minnast ein dugande og framtidsretta lærar.
Innan datateknologi var Jan langt føre si tid. Han fekk på plass fjernundervisning lenge før kommunane hadde tenkt tanken, og det var problematisk, det var ikkje «berre å komme her og komme her», kommun/stat hadde sine retningslinjer. Jan fekk likevel gjennom fleire prosjekt som gjekk svært så bra, men vart lite akseptert av fylkeskommunen. Jan sleit mykje med å få aksept for mange gode løysingar, han var kanskje for tidleg ut?
Slektshistorie/slektsforskning brende han også for. Han samla historier og fotograferte mellom anna gravsteinar rundt om kring som ein no finn igjen i Slekt og Data. Den gangen hette det DIS Norge, der han var formann i fylkeslaget ei tid.
Jan var ein allsidig kar, han spelte to-radar og var ei tid med i Vindfylla spelemannslag. Han sytes det var kjekt å vere med der å få spele to-radar så lenge tida strakk til.
Ein skal heller ikkje gløyme kampen for kunne ha eit velfungerande sjukehus på Nordfjordeid i tråd med Singer sitt ønskje. Jan med fleire jobba aktivt, men dessverre så nådde dei ikkje fram og sjukehuset vart lagt ned og flytta til Førde. Jan var ikkje einig i å måtte fraktast i fleire timar for å få hjelp. Då han sjølv vart sjuk, forlanga han alltid å verte behandla nærmast mogleg, ved t.d Volda og slik vart det.
Jan sette stor pris på kameratane og slekta på Kleivedammen. Han deltok i alle ei samlingane vi laga til helt fram til sist haust.
No er det altså slutt for Jan. Han likte ikkje situasjonen på det siste, «det er no forbanna at ein skal måtte slite med slikt» sa han ganske oppriktig under eit besøk i påska.
Eg lyser fred over minne til Jan, ein stor føregangsmann frå Kjølsdalen. Takker for mange og kjekke år i lag.
Til Jan!
Hugsar året 1954 då Alvhild, mor vår, døydde, og du flytta til Kjølsdalen. Det kom nokre tunge år med sakn både for deg og oss syskjen, men eg trur vi takla det bra og vi vart ein samansveisa syskjenflokk.
No er vi komne til ein ny epoke.
Vi har sett kor kreften har tæra på deg slik at du etter 6 år til slutt måtte gje opp.
Du blir sårt sakna
Takk for mange fine stunder i Kjølsdalen og på Sandane.
Ei siste helsing til deg Jan.
Eg vil alltid minnast deg med glede.
Takk for stundene vi hadde i lag.
Du var altid ein god ven og kamerat.Eg takker deg i dag for den tida vi fekk i lag og
for det du sto for og som vi i fellesskap kjempa for.Eg lyser fred over ditt gode minne.
Takk for gode minner.
Kondolansehilsen fra
Kitti Buskop, Gjert Egil Eide og Rolf Eide med familier.