Hjelmeland Begravelsesbyrå
Hjelmeland Begravelsesbyrå
  • English  English
  • Norsk  Norsk
  • Svenska  Svenska
  • Dansk  Dansk
  • Nederlands  Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Hjem
  • Bestill blomster
  • Gi en minnegave
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Del
  • Portal


    Jon Hundeide

    Født 11. oktober 1936
    Død 17. februar 2023


    Minneord

    Vidar Sandal.
    2023-02-27
    Minneord

    Vi er samla her i dag med båra has onkel Jon.

    Ja for det var onkel Jon han var for oss 4 søskena, inne på Egge.

    Jon var den einaste broren til ho mamma.
    Dei var to syskjen.
    Lisjebroren, som ho så ofte hadde med i historiene frå barndomen ute på Hundeide.

    Det var historier frå leik og moro, til dramatikk og alvor.

    Barndomsheimen øvst på Hundeide som vi 4 søskena fekk eit godt og nært forhold til, gjennom mange kjekke ferieopphald.

    Trygt og rikt med gode opplevingar.
    Mykje god leik i lag med søskenebarna Jorunn, Bjørn og Turid.

    Ein trygg og gjestfri heim, med onkel Jon og tante Halldis.

    Opplevinga med å ta bussen ut te Eid, verte plukka opp av onkel Jon etter at han var ferdig med vaktmesterjobben inne på hotella.

    Registrerar den stødige, trygge onkelen som tok i mot søstra og oss ongane, på ein sindig, behageleg måte.

    I ein periode med sjukdom og vår eigen far gjekk bort så alt for tidleg, gjorde det godt for eit barnesinn å få kome til Hundeide.

    Smyge seg ut langs fjorden, opp den svært bratte vegen, ute i jøla og så oppleve den fantastiske utsikta, oppe i tuna.

    Å vere med å stelle sauene var stor stas.
    Opplevingane med leik og fant, i lag med søskenebarna.
    Fritt og fint, frå skogen, til heilt ned i fjæra.

    Det var nemmeleg nede i fjæra, han onkel Jon gjerne trivdest best.
    Sjø og båtliv.
    Tusenkunstnaren og reodor-felgen-eigenskapane, som blomstra.

    Det lyste i augene på han, når han fekk skru på motor og bygge opp sin eigen båt.

    Vi har mange verdifulle livsminner frå alle båtturane som vi fekk oppleve i lag med onkelen vår, ute på fjorden.

    Ja det var spesielt og veldig fint, her i vår.
    Å ta turen opp i tunet.
    Uvarsla, i lag med yngstejenta.
    Først kom Turid ut, deretter onkel Jon. Den aldrande, men fortsatt strame karen.
    Alikevel, bra like seg sjølv.
    Det var ikkje fritt for at det vart litt prat rundt patenter og konstruksjon av traktorskjæret som stod i tunet. Traktorskjæret som han stod for tegninga og iverksettinga av. Skjæret som skulle kunne fungere like godt både fram over som bakover.
    Det var trygt og godt å sjå Torhild ved has side ute på Hundeide.

    Det var fint å besøke dei på Kleivedammen, før jul.

    Fortsatt den litt bestemte, men lune onkelen.

    Triveleg prat om det kvardagslege.
    Litt om gamledagar og han kom inn på ordtaket til besteforeldra- om at «det var kvild i arbeidsbyte», då dei sprang frå hes til hes.

    Det var godt å oppleve dette siste besøket, i lag med døtrene mine.

    Godt for ettertida å fått ein siste klem, sjølv om det siste vi sa, var at vi snart snakkast igjen.

    Takk for alle minner og opplevingar, onkel Jon.

    Du vil verte sakna.

    Irene Wedvik
    2023-02-24

    All mi medkjensle i sorg etter Jon sin bortgang. Takk for alle gode minner i det fine dansemiljøet vårt.

    Rune Sandal
    2023-02-22
    Minneord

    Gode minne

    Rune Sandal
    2023-02-22

    Gode minne frå besøk på Hundeide med onkel Jon og familien ️


    Tente lys

    Eivind Austrheim
    2023-02-28
    Olina Dalheim
    2023-02-28
    Oddveig Gjengedal
    2023-02-25
    Solveig Soldal Haugen
    2023-02-24
    Gunn Henden
    2023-02-24
    Irene Wedvik
    2023-02-24
    Heidi Bakke ❤
    2023-02-22
    Bodil johnson
    2023-02-22
    Judith bjørlo
    2023-02-21
    Anne-Lise Bakke
    2023-02-21
    Britt Borgund m/familie ⚘⚘🕯💐🕯⚘⚘
    2023-02-21
    Norunn og Nils Dahlgren
    2023-02-21
    Petra og Rønnaug Torheim
    2023-02-20
    Anne-Lise og Rolf
    2023-02-20
    Kari-Lise Solheim
    2023-02-20
    Randi Torheim🌹
    2023-02-19
    Thomas og Mo
    2023-02-19
    Sissel og Per Ove
    2023-02-18
    Gunnar D. Bugge
    2023-02-18
    Johanne og Dag Are Solheimslid❤️
    2023-02-18
    Maria og Oscar❤️
    2023-02-18
    Artur og Pauline
    2023-02-18
    Marit og John Olav Vereide 🌹
    2023-02-18
    Turid
    2023-02-18
    Andrea
    2023-02-18
    Kai
    2023-02-18
    Hjelmeland Begravelsesbyrå AS
    2023-02-18

    Donasjonshilsner

    Rune Sandal
    2023-02-22
    Heimetenesta Nordfjordeid - Stad kommune

    Kondolere ❤️

    Grete Gjengedal og Nils Magne Gjengedal med familiar
    2023-02-22
    Heimetenesta Nordfjordeid - Stad kommune

    Vår medkjensle i sorga

    Astrid Berg Hundeide m/familie
    2023-02-22
    Heimetenesta Nordfjordeid - Stad kommune

    Vår medkjensle i sorga

    Turid Huneide
    2023-02-21
    Heimetenesta Nordfjordeid - Stad kommune

    Kvil i fred ❤️

    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail