Minneord i Eid Kyrkje ved Ove Sunde si gravferd onsdag 8.april 2020
Pappa ville blitt 93 år om nokre dagar. Han vaks opp sør i Eidsgata, i huset der foreldra Dagny og Rasmus, også dreiv butikk. Han var nummer tre i ein syskenflokk på fire gutar. Han hadde ein fin oppvekst i lag med brødrene sine og borna i gata, og sjølv i dei harde 30-åra klarte dei seg, som kjøpmenn, godt. Pappa var ein lærenem gutepjokk, og gleda seg til å starte på skulen, noko som vart understreka då han kom heim etter første skuledag, og mor hans lurte på kor det hadde gått. Pappa kunne nøgd meddele at: "Jauda, det gjekk fint. Eg var ein av dei beste". Han har alltid vore glad i dyr, og dei hadde både katt, høner og gris. Ny gris vart gjødd opp og slakta kvar haust, men pappa blei jo så glad i grisane. Når tida kom for slakting, måtte ikkje grisen få mat siste døgnet. Då syns pappa så synd på grisen, at før han gjekk på skulen, sneik han seg inn til grisen og gav han nista si.
Pappa var fersk tenåring når krigen braut ut, med alle restriksjonar det la på kvardagslivet. Men litt fantestrekar fann dei rom for; som den gongen pappa og ein nabogut stal ein pokal! Det var slik at tyskarane hadde okkupert Vallhall, der det i vindauget sto ein fin sølvpokal tilhøyrande eit lokalt skyttarlag. Gutane syns det var for gale at denne skulle hamne i tyskarane sine hender, og ein gong soldatene var på utmarsj, lirka dei laust eit kjellarvindu der den eine kravla inn, og sneik seg opp og tok pokalen, mens den andre heldt vakt. Vel heime gøymde dei pokalen under golvplankane i eit uthus. Det blei dårleg søvn den natta; dårleg samvit og anger gnog, og når gutane møttest neste dag bestemte dei seg for å sette tilbake pokalen. Den vart smugla på plass igjen på samme viset som dei hadde tatt den dagen før.
Etter krigen var pappa blitt ein ung mann og i 1948 stod avtening av verneplikt for tur. Første halvåret var han på Lahaugmoen, så gjekk ferda til Tyskland med Tysklandsbrigaden. Desse seks månadane var, trass i omstenda, ei veldig fin tid for pappa, og han var stolt av å ha vore ein del av dette fredssikringsarbeidet. Han var i sitt ess når han fekk servere historier frå denne tida, og då spesielt frå permane, som dei nytta til å reise rundt å sjå seg om, for eksempel til Paris, i staden for å reise heim til Norge.
Etter kvart fekk han eit godt auge til ei ekte Eidajente, som også hadde vakse opp i Eidsgata. Eli var ein ivrig fjellvandrar, og det seiast at pappa måtte slite hardt for å halde følgje og kapre drømmedama. I 1950 gifta Ove og Eli seg, og året etter blei Jenny fødd. Dei første åra som småbarnsfamilie leigde dei ein knøttliten eitroms leilighet "bort med Myrold" , eit steinkast unna Eidsgata. Her budde dei også når Margrete vart fødd i 1956, men når Lisbet var på veg i 1959 trong dei meir plass, og dei flytta til Hermannslund, like ved der Eid Idrettshall ligg no. Tidleg på 60-talet flytta familien "nedom veien", i Eidsgata, der dei leigde hos pappa sin bror Karl. Etter at pappa sin far Rasmus døde og mor Dagny vart aleine, flytta familien på fem inn igjen i barndomsheimen til pappa, og etter nokre år kom dotter nummer fire, Reidun, i 1967. Her blei familien buande, og her fekk pappa bli gammal i lag med si kjære kone. Etter kvart fekk han 6 barnebarn og 2 oldebarn.
Butikken var sjølve livet til pappa. Etter Tysklandsbrigaden gjekk han inn i familiebedrifta for fullt; han elska kontakta med kundane i butikken om dagen, og om kvelden var det kontorarbeid som han utførte med stor nøyaktighet. Ein annan ting pappa elska var å reise på fabrikkbesøk og forhandle, kalkulere og gjere ekstra gode kjøp. Han kunne for eksempel finne på å by ein sum for så og så mange hyllemeter med varer. Janus sin tidlegare sjef, som pappa handla mykje med, hadde stor glede av besøka til pappa, og kalte han alltid "den siste ekte kremmaren".
Etterkvart overlot han butikkdrifta til døtrene sine, men han var aldri langt unna med gode råd og hjelp når vi trenge det. Han var ein oppkome av kunnskap, erfaring og klokskap, og ei uvurderlig støtte for oss heilt til det siste. Så seint som lissjejulafta sat han faktisk og skreiv fakturaer for meg.
Ferie har ikkje vore noko særleg tema for pappa, men han hadde stor glede av å vere på familiehytta i Stigedalen, då var det kort veg for han å reise ned å jobbe litt om det var trong for det. Dei dagane han ikkje kunne vere med familien i Stigedalen, sende han ofte oppover ei overrasking til døtrene med bussen. Då tuta bussen, og jentene heiv seg på årane og rodde over vatnet for å sjå kva spennande som var i pakken.
Pappa og mamma var veldig glad i å gå på fjellet, både til fots og på ski. Om våren parkerte dei skia på Ossetra, slik at dei kunne forlenge skisesongen lengst muleg. Han var glad i å fotografere, og tok mange flotte bilder frå desse turane. Han har også dokumentert mykje god lokalhistorie på 8mm film.
Pappa var nøyaktig og omstendeleg i alt han gjorde, og når han starta med treskjæring viste dette seg å vere heilt rette hobbyen for han. Han koste seg med trearbeidet, og utallige flotte kunstverk trylla han fram med jerna sine. Desse vart raust forært til familie og venner. Ein del av produkta har også blitt gjeve som basargevinstar til Plassens Venner, ein organisasjon som sto hjartet hans nær. Her sat han også i styret i mange år.
Strikking var ein hobby pappa tok fram igjen på sine eldre dagar. Som ung mann strikka han blant anna babypledd når eldste dotter Jenny vart fødd. Dette var jo ikkje sett på som særleg karsleg, og ein dag han sat i stova og strikka banka det på. Då fekk han det så travelt med å gøyme strikketøyet at pinnane flagra veggimellom. Etter han blei dårleg til beins og måtte legge vekk treskjæringa, tok han opp igjen strikkinga. No sist jul låg det både tvåger, huer, sitteunderlag og panneband som han hadde strikka under juletrea til familien.
For ein god månad sidan vart pappa heidra for sin innsats i Tysklandsbrigaden. Medaljeseremonien vart utført av representantar for heimevernet under ein privat, men høgtidsam seremoni på Hogatunet. Dette betydde utruleg mykje for pappa, og vi er så glad for at han fekk oppleve dette.
Siste tre månadane budde altså pappa på Hogatunet. Her trivdes han godt og følte seg trygg, og han blei veldig glad i pleiarane som jobbar der. Før koronautbrotet hadde han besøk av familien to gongar dagleg, og han strikka og løyste kryssord i lag med mamma. Etter det vart innført besøksforbud vart det avgrensa til telefonkontakt, og dette hadde pappa forståing for. Trengde han hjelp til kryssord eller å plukke opp ei maske på strikketøyet, så kom damene og hjalp han. Vi vil rette ein stor takk til dei ansatte på Hogatunet for måten dei tok seg av pappa på.
Pappa hadde eit langt, godt og rikt liv. 70 av sine 93 år fekk han tilbringe i lag med si kjære kone Eli. Han hadde god helse, og var klar til det siste. Vi er alle takksame for den gode pappa, bestefar osv som han var for oss, og all kunnskap omsorg han auste over oss.
Vi lyser fred over ditt minne
Ei siste helsing. Takk for gode minner, kvil i fred