Like kjært som blomar er ei gåve til Røde Kors sin aksjon for barn i Ukraina. Gåva kan ein gje i kyrkja, Vipps 2272 eller Kontonr 8200 06 10190. Merk Sigfrid Høgalmen
Like kjært som blomar er ei gåve til Røde Kors sin aksjon for barn i Ukraina. Gåva kan ein gje i kyrkja, Vipps 2272 eller Kontonr 8200 06 10190. Merk Sigfrid Høgalmen
Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Kjære nevøar og nieser!
Kondolere til dåkke alle!
Les i Fjordingen at Sigfrid fylte 100 år, rett etterpå såg eg dødsannonsa.
Sigfrid var kusina til min far Lars. Eg hugsar at ho jobba på Melkebaren på Sandane då eg gjekk på Firda. Hugsar også at ho var på besøk på Aaland, ilag med fleire frå fam. Sist eg såg ho, var i 2006, mor (Ingebjørg) og eg var på søndagstur, og stakk innom Sigfrid på Sandane. Har fine bilde av ho og mor i koseleg prat ein fin sommardag.
No er den generasjonen snart borte. Av far sine brødre er det berre Asbjørn (snart 94) igjen. De var heldige som fekk beholde ei kjær tante så lenge.
M.v.h.
Kari Nesdal
Sigfrid betydde mykje for oss. Ho var gavmild og snill, og det var alltid kjekt når ho kom heim til Utigard. Vi feira jul med tante Sigfrid og tante Dagny i alle år. Kjekke minner om lange og gode samlinger rundt bordet, Sigfrid budde åleine og sette stor pris på den gode maten mor Alvhild stelte i stand når ho kom heim til Utigard. Eg ser henne klart for meg når ho kom heim laurdag etter arbeid- og gjekk rett i brødskuffa og fann heimelaga flatbrød. Det smakte tydelegvis godt!
Takk for gode minner.