Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Oddlaug Tonning
Født 3. August 1933.
Vaks opp med søskena Jens og Klara på Tonning.
Utdanna seg til lærar og jobba som lærar både i Oslo og på Hareid, før ho kom til Stryn ungdomsskule tidleg i 60-åra.
Her blei ho resten av yrkeslivet.
Dei fleste som gjekk der gjennom desse åra veit at glas og bestikk skal vaskast først.
Bygde nytt hus i 1977 , og har bodd der sidan.
Ein periode var ho leiar i lærarlaget, og fleire år i styret.
Aktiv og konkurrerte i presisjonskjøyring med bil.
Pokalen frå motorførernes avholdsforbund sitt rattmesterskap, som sto i stova, gjekk magisk vis aldri tom for snop.
Var både stolt av og glad i Tonningsætra, der ho hadde hytta som foreldra Liv og Arne bygde i 1943.
Dette var ei tid då sætra nok hadde stor verdi som ei trygg havn utan all verdens inblanding frå okkupasjonsmakta.
Har vore på dei aller fleste fjelltoppane i dette området. Gjerne som guide for borna til søskena sine.
I 1987 vart ho ifølge Fjordingen "fjelltrimdronninga" for 5. Året på rad.
Ho tok også idrettsmerket i mange år.
Hadde god lokalkunnskap, og var i namnekomiteen då dei nye vegane som kom til i forbindelse med utbygginga i stegane fekk namn.
Har vore verda rundt på forskjellige reiser, både åleine på gruppereiser, og saman med vener. Alltid like oppteken av kulturen der ho kom.
Ho var også tidleg ute med eiga EDB-maskin, og datakortet, og reiste mellom anna til Amerika på datakurs på 80-talet.
Frå den første snøklokka kom opp, til den siste plomma var sylta, så vart hagen i vikavegen 3 pleia etter alle kunstens reglar.
Ho ville ikkje spele hverken kort eller ludo, sidan ho var redd for å vinne så borna vart skuffa.
Hadde ein beundringsverdig evne til å sjå det gode i alle mennesker.
Stilte alltid opp, og hadde alltid tid til borna.
Tok seg alltid tid til å snakke med folk, og glede seg over dei små tinga.
Handskrevet dikt som heng på hytta:
Så jaga han fram etter livet,
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen,
Men nådde han aldri att
Gamle minner dukker opp. Du var min lærer på ungdomsskulen og eg hugsar deg som flink, nøyaktig og rettferdig. Seinare vart vi bedre kjend med deg som vår husvært frå desember -79 og nokre år. Det var fint å bu i kjellarleilegheta di. Seinare når eg møtte deg så stoppa du og prata, alltid blid og hyggeleg. Takk for alle gode minner.-