Kjære Pappa️
Vi har grua oss til denne da sidan du fekk krediagnosa for 6 år sidan, og vi skjønte at du ikkje kom til å vinne kampen mot sjukdomen. Det tok tid for oss å skjøne. Du som har stå på, kjempa og vunne utallige kampar gjennom livet for lokalsamfunnet, skulen, sjukehuset på Eid og ikkje minst for familien din. At du ikkje skulle klare denne kampen var uverkeleg for oss.
For oss 4 var du superpappa Jansen Høvding av Nordbø og hotellsjef for Ulla og sauene. Du var han som kunne reparere alt og ordna opp i vanskelege problemstillingar. Heime på garden fekk vi stå med hovudet inn i gardsmaskinar saman med deg og diskutere kvifor løftemekanismen på traktorkassa ikkje fungerte, eller kvifor slåmaskina ikkje ville starte. Sjølv om vi truleg ikkje hadde så mykje å bidra med, tok du deg tid til å høyre på våre løysingsforlag.
Gjennom gardsarbeidet har du lært oss å reparere ting sjølve, og bidra i praktisk arbeid. Frå ung alder fekk vi lov å skrive timar for å bidra i slottearbeid. Det har gitt oss økonomisk sans, og arbeidsvilje.
Vi fekk også boltre oss fritt på verkstaden i kjellaren for å lage fuglehus og skjerefjøler. Du var raus med materialar og verktøy til hyttebygging, og var positiv til ideane vi hadde. Det skal seiast at du ikkje var like fornøgd då du fant fleire halvferdige hytter, samt rustne sagar og spiker rundt omkring i skogen 2 år etter.. DÅ var det på de å lære å rydde opp etter seg i naturen.
I kvardagslivet har du utfordra oss med quiz og rekneoppgåver rundt middagsbordet. Den engasjerte stemma di som spør «kva er 10 * 10 minus 10?» og «JAAA! Riktig! Går du vidare til neste spørsmål?» vil aldri forsvinne frå minnet. På datamaskina installerte du diverse matematikkspel og romfartspel, så vi skulle ha det gøy og lære noko samdig. Og det hadde vi. Har heller ikkje tal på kor mange vitenskapkasse og iq-testar som har funne vegen inn i huset via deg.
Du støtta oss i hobbyar med idrett og musikk. Du køyrte oss på ridekurs og jazzballett og var raus ved kjøping av lodd til handball- og fotballag. Etter jobb, og i helgar var du med oss og etablerte lengdegroper med sagflis og kulekastingsgroper der vi kunne øve
oss på friidresøvelsar. Utan å tvile fekk vi låne videokamera for å dokumentere arbeidet og produsere vår eigen «sportsrevy» der vi sjølve sjølvsagt var idrettsutøvarar.
Videokameraet var også fast følgesvenn på alle turar. Blant anna har vi hatt mange bilferieturar i den blå transitten. Både til familie i Oslo, men også til Kristiansand dyrepark, Bergen og kortare turar til familie på Sandane. Vi ungane har hatt mange timar på madrass i det romslege bagasjerommet på transitten der vi kunne ligge å tøyse og tulle framfor å sitte framme i det vonde baksetet. (kven som vurderte dette som trafikksikkert seier ikkje historia noko om). Mulig var det for å få pause frå allsongen til The Boys-kassettane som gjekk på repeat i timesvis? At du og mamma haldt ut denne timeslange synginga er uforståeleg, men veldig gledeleg. Kan ikkje huske at det var klaging på at vi skulle gje oss ein einaste gong.
Vi har også hatt mange flotte turar til utlandet ilag
eller det som vi kjente som «Syden». Til Bulgaria, Sardinia, Malta, Portugal og Tunisia med sol, varme, bading, is og shopping på marknader. Den siste turen gjekk til Gran Canaria i 2014. Du betalte all-inclusive for heile familien din med born og borneborn, slik at vi alle fekk ein tur ilag, med mange gode minner. Det var ein fin måte å feire dine 70 år på. Takk for det, og takk for at du og mamma alltid har vore svært oppta av å dokumentere minner ved hjelp av video og bilder. No har vi kassevis med kassettar å gjennomgå, mimre til og rydde opp i.
For oss verka du ung og sprek heilt til du blei sjuk i 2016. Med ditt gode humør, vitsing og tulling med borneborn gløymte vi liksom at du også blir eldre. Men sjukdom viste at heller ikkje Nordbøhøvdingen er udødeleg.
No slepp du fleire turar til sjukehuset. Du slepp å få hjelp til alt. Sjølv om du var svak og sliten på slutten, og du ikkje orka å ete, samla du krefter til å sei «hei», «køyr forsiktig», «hade» og «ring når de er framme» til oss. No skal vi aldri høyre dei orda frå deg igjen.
Det er trist og sårt.
Men orda og omsorgen du har gitt er med oss i hjartet vidare.
Vis mer
Vis mindre